SIDERDUNKEN - PAKKE
Lag sider sjølv!Ferdig pakkeløysing for deg som vil laga sider sjølv. Nok til 30 liter. Inkludert i pakken er ein spesial-laga siderdunk av hardplast på 30 liter og det du treng av utstyr til gjæring. Råsaft nok til 30 liter sider er inkludert. I pakken finn du nøyaktig oppskrift på framgangsmåte. Denne må fyljast nøye.
"Siderpakke gjer det sjølv" med 30 liter saft, siderdunk med gjærlås og oppskrift
Bestilling |
|
 |
 |
RÅSAFT ER FERSKVARENypressa, ubehandla eplesaft vert kalla råsaft. Den kan anten drikkast slik den er, pasteuriserast, eller nyttast til sider. Ubehandla råsaft er ferskvare og held seg berre i nokre få dagar før den byrjar å gjæra. Råsafta kan frysast, men må då nyttast med ein gong den er tina. Søtinnhaldet varierer frå år til år alt etter kor mykje sukker det er i epla.
Me sel og pressar råsaft på bestilling.
Bestilling |
|
 |
 |
ME TEK I MOT EPLE TIL PRESSINGHar du eple du vil ha pressa kan me gjera dette for deg etter avtale.
|
|
 |
 |
GODE RÅDFor å laga sider treng ein god, fersk eplesaft og reine kjerald. Eplesafta MÅ vera ubehandla. Når gjærsoppen som finst i epla naturleg får veksa på det naturlege sukkeret i epla, vert det danna etanol, alkohol. Unngå oksygen som kan føra til eddikk. Gjæringstempratur er 8 -10 grader. Gjæringa tek lang tid, men den som har tolmod, vert lønna med ein sider med rik smak. |
|
 |
 | |