Nye, gamle oppskrifterEin moderne og sikker saft- og siderproduksjon krev godt utstyr. Produkta våre er basert på gamle oppskrifter, men for å sikra best kvalitet og ein stabil produksjon har me kjøpt inn spesialutstyr frå mellom anna Østerrike. |
600 kg eple i timenAnlegget har kapasitet for å pressa ca 3000 liter saft pr dag. Presseprosessen går heile tida automatisk og tek ca. 600 kg eple i timen. Epla vert vaska, mosa og pressa i ein heilautomatisk prosess. Omlag 75 prosent av eplet vert omgjort til saft, resten går til dyrefór. |
KARTONGSAFT TIL BUTIKKENTotalt produserer me 20- 30.000 liter råsaft årleg. I tillegg kjem sal av fersksaft til kundar og til eigen siderproduksjon. Pasteuriserings-maskina er svært avansert og tek hand om oppvarminga av safta. Denne er justert til optimal temperatur der safta held seg over lang tid, utan å missa smak, kvalitet og næringsinnhald. Deretter vert safta tappa på kartongar. |
SIDERTANKAR PÅ 2500 LITERAv den ubehandla safta (råsafta) vert noko selt til privat bruk for ”gjer det sjølv” sider, resten vert plassert i dei store ståltankane på 2500 liter for siderproduksjon. Her skal sideren godgjera seg fram til våren og helst endå lengre. |
GODT PRODUKT KREV FAGKUNNSKAPSpesielt siderproduksjonen kan vera ustabil og risikabel. Mykje av produksjonen er rein fagkunnskap. Hardanger Saft og Siderfabrikk har hittil investert i ca 2 mill kr for å få optimal kvalitet på saft- og siderprodukta. |
| |
 |
| Spesielt siderproduksjonen kan vera ustabil og risikabel. Mykje av produksjonen er rein fagkunnskap. |
 |
| Kvar ståltank har plass til 2500 liter med sider. |
 |
| Eplepressa kan pressa ca. 3000 liter saft kvar dag. |
 |
| Vaske- og mosemaskin for eple | |
|