EI SMAKSOPPLEVING!For å sikra ein god kvalitet på safta, brukar verksemda berre godt utvikla eple. Etter pressinga vert safta grovfiltrert. Dette gjer at mest mogleg av smak og næringsinnhald vert teke vare på. Smaken på safta kan variera etter kva sort eller sortar i blanding som vert brukt. I hovudsak er det sortane Gravenstein, Summerred og Aroma som er brukt. |
HEILT UTAN TILSETJINGARSafta er eit 100 % reint naturprodukt frå Hardanger, det er ikkje tilsett sukker eller andre tilsetjingar av noko slag. For å unngå gjæringsprosess i safta er den varma opp (pasteurisert) og deretter tappa på “vin-kartong”. Dette gjer at produktet held seg i minst 2 år etter produksjonsdato i uopna emballasje. Vert tappa og seld i 3 liters kartongar. |
I EIN BUTIKK NÆR DEGEplesafta er pr. i dag til sals hjå mange matvareforretningar og gardsbutikkar i Hardanger, på Voss, i Bergen , Stord , Haugesund og Sunnhordland. Dersom du ikkje finn safta i nærbutikken din, kan du bestilla direkte frå garden. |
| Forhandlarliste |
| |
 |
Eplesafta får søtsmaken sin frå gode, solmogne Hardangereple. Safta er eit 100 % reint natur-produkt og er ikkje tilsett sukker eller andre søtstoff. |
 |
| Eplesafta vert tappa på praktiske 3-liters kartongar og held seg i minst 2 år uopna. |
 |
Eplesafta er til sals hjå fleire butikkjeder, du kan og bestilla direkte frå garden. Sjå og forhandlarliste. (LINK) |
| | |
|